Hi, I´m back!Det er ei stund sidan eg sist blogga, men nå er det på tide igjen. Eg tenkte eg kunne fortelje om ei bok som eg nettopp er ferdig med å lese.
Den heiter NY MELDING, som du sikkert ser på bilete. Den boka handlar om to veninner, Bente og Kari-Marie.Plutselig forsvinn Kari-Marie frivillig. Så får Bente plutselig nokre meldingar av Kari.Marie og Bente bestemmer seg for at ho skal finne Kari-Marie og hjelpe ho. Boka er skreven av Magnhild Bruheim og er ein ungdomsroman. Det er ein serie på 3 bøker og dei andre to heiter Venneringen og På Flukt.
Eg synes det er ei bra bok fordi det er slike ting som faktisk kan skje i virkeligheten. Den boka kan skape ettertanke hos ungdommer og det er noko forfattaren skal ha takk for. Eg skal begynne å lese Venneringen i dag og eg gleder meg.
Nå er boka meir spennande enn ho var før. Bella har blitt kjent med mange nye folk som f.eks Mice som liker Bella. Edward er meir mystisk nå enn han var. Han seier heile tida til Bella at viss ho er smart så holder ho seg vekke frå han. Edward og familien hans drar på telttur, mens bella blir med ned til stranda med nokon venner. Der møter ho barndomsvennen sin Jacob. Han forteller ein historie om varulver og vampyrer. Edward er også med i den fortellinga.



