søndag 22. november 2009

Kva Eg Vil Bli......?

Hei.:)
Me ska liksom skriva litt om kva me vil bli når me skal ut i den store verden. Eg veit ikkje heilt kva eg vil bli men eg trur eg ska gå på studiespesialisering eller noko med medier og kommunikasjon.
Eg er ikkje heilt sikker på om eg vil bli noko innanfor studiespesialisering, men viss du går der kan du velje ganske fritt etterpå. Restaurant og matfag høyres også kjekt ut, men eg trur ikkje det er noko eg vil holde på med.

Det er ikkje lett å velje kva man skal bli. Kanskje eg skal bli lærar. Det hadde jo vore spennande. Kanskje du møter meg om 10 år så er eg læraren din. :P

lørdag 7. november 2009

Boka Twilight

Nå er boka meir spennande enn ho var før. Bella har blitt kjent med mange nye folk som f.eks Mice som liker Bella. Edward er meir mystisk nå enn han var. Han seier heile tida til Bella at viss ho er smart så holder ho seg vekke frå han. Edward og familien hans drar på telttur, mens bella blir med ned til stranda med nokon venner. Der møter ho barndomsvennen sin Jacob. Han forteller ein historie om varulver og vampyrer. Edward er også med i den fortellinga.

onsdag 23. september 2009

Twilight


Eg leser ei bok som heiter Twilight. Det er det du ser bilde av:) Den er veldig kul og eg trur dei fleste har sett filmen. Snart kommer New Moon ut på kino. (nummer to i serien)Glede meg :P
Dette er den første boka i serien. Den heiter Evighetens Kyss. Den handlar om ei jente som skal bu hos faren sin i nokre månadar, sidan foreldra er skilt. Det er ein liten by ho skal bu i som heiter Forks. I den byen regner det utruleg mykkje og det er ikkje ho vandt med, sidan ho bur vanlegvis i Phoenix og der skin sola heile tida. Faren kjøper ein gammal bil til henne for å få ho til å trivast. Ho skal til å begynne på skulen og ho kjenner ingen, men seinare blir ho kjent med ein gutt. Lengre har eg ikkje komt. Det er Stephenie Meyer som har skreve dei bøkene og eg anbefaler dei:P

Her er eit kult bilde av South Park!

Pia Pi

Hei! Eg heiter Pia Pi og er hekta på South Park, så dykk kjem sikkert til å få se mange bilder av South Park.Dette er eigentleg ein skuleblogg. Håper dykk liker bloggen min.