tirsdag 25. mai 2010

Ny bok

Hi, I´m back!

Det er ei stund sidan eg sist blogga, men nå er det på tide igjen. Eg tenkte eg kunne fortelje om ei bok som eg nettopp er ferdig med å lese.

Den heiter NY MELDING, som du sikkert ser på bilete. Den boka handlar om to veninner, Bente og Kari-Marie.Plutselig forsvinn Kari-Marie frivillig. Så får Bente plutselig nokre meldingar av Kari.Marie og Bente bestemmer seg for at ho skal finne Kari-Marie og hjelpe ho. Boka er skreven av Magnhild Bruheim og er ein ungdomsroman. Det er ein serie på 3 bøker og dei andre to heiter Venneringen og På Flukt.

Eg synes det er ei bra bok fordi det er slike ting som faktisk kan skje i virkeligheten. Den boka kan skape ettertanke hos ungdommer og det er noko forfattaren skal ha takk for. Eg skal begynne å lese Venneringen i dag og eg gleder meg.